Bionordic
Norsk bokmål (Norway)

fabrikken

Om Bionordic

Bionordic AS er ei norsk gründarbedrift med høg kompetanse på miljø- og varmeteknologi. Saman med SINTEF har vi utvikla ein unik og tidsrett teknologi for pelletsovnar. Kombinasjonen av intelligent varmeteknologi og skandinavisk design, sikrar deg ei suveren varmekjelde som også er eit fint møbel i huset ditt. Vi er stolte av å bli omtalt som utviklar av den første 2. generasjon pelletsovnar. 

Vi er einaste norske produsent av pelletsovnar og held til i Jostedalen innerst i Sogn. Vi dyrkar dei gode handtverkstradisjonane i fjordfylket og veljer dei beste kvalitetane når vi byggjer og set saman pelletsovnar. Med fokus på design og at ovnane vi lagar skal vere lette å bruke, gir vi deg ei god varmeløysing der du også spelar på lag med miljøet. Ovnane våre produserer vi i tett samarbeid med lokale verksemder; Sogneprodukter, Jostedal Industri og NOMEK i Stryn.

Slik starta det:

Gründar Kurt Brun skaffa seg pelletsovn heime i 2001, men han var ikkje heilt nøgd med ytelsen frå den nye "varmemaskina" si.  Saman med gründerkollega Geir Moseng sette dei igang med eigne idear. 

I 2003 var første utgåve av ein ny pelletsovn klar for testing. Og SINTEF kunne fortelle karane i Sogn det dei allereie visste: Dei hadde funne opp ein ovn med særdeles gode eigenskapar og alle dei målte testverdiane var av ypparste klasse. Pelletsovnar flest nyttar ein skrue for å mate pellets inn i brennkammeret. Ovnane frå Bionordic har eit delvis patentert system der "revolvarprinsippet" ligg til grunn. Pellets blir mata inn gjennom hol i ei roterande skive. Ulike sensorar sørger for at heile forbrenningsprosessen blir optimalisert ved hjelp av elektronikk. Det er denne automatikken og styringa som gjer ovnane frå Sogn så suverene. Med god drahjelp frå lokale aktørar, Luster Kommune og Innovasjon Norge har verksemda no vakse seg gjennom dei vanskelegaste åra. I 2009 flytta vi inn i nye og moderne produksjonslokale, slik at vi no står endå betre rusta for å vidareutvikle og levere tidsrett framtidsvarme.

Historia om Bionordic er eit lite eventyr om gründarkameratar med stor framtidstru på pellets og pelletsovnar. Med stort engasjement og entusiasme har "Petter-Smartane" i Sogn utvikla den beste pelletsovnen i verda. Med fokus på design og smart varmeteknlogi, driv vi forsking og utvikling på avansert nivå. I tillegg lagar vi stadig nye pelletsovnar tilpassa marknaden.

Vi håpar at sluttprodukta våre smittar nye eigarar med  entusiasmen og gleda vi har ved å jobbe med framtidsvarme. Vi trur det bringer lukke i alle heimar som installerer ein Sogne-ovn!

 
 
Copyright 2009 © Med alle rettar Bionordic AS | Nettstad: InMedia